... og da e ikkje bere-bere ska eg sei deg!
Eg hadde taima og tilrettelagt alt. Dvs. at eg hadde lagt fram reine kle og hånnduka (to små i stadenfor ein stor denne gongen, for eg hadde ikkje gidda å tatt ut av tørketrommelen der alle dei store goe hånddukane låg) Kasper hadde fått mat og ny bleia og auena hans gjekk i kryss, SO trøtt va han. Han låg fint i våggo og snorka når eg endeli kunne snika meg i dusjen... Ette klåkko, so sku han ha søve i to timar, da e jo da han pleie på denna tie!
Kroppen e såpa inn, barberskomm på leggane og rensekrem i fjeset, her må ein vera effektiv.
Plutseli høre eg ein "grinelyd". HÆÆ? Søv han ikkje alikavel??
Eg skur av dusjen og holde pustn faktisk, e da ein lyd dar ute?
Vifto susa, so da e vanskeli å høra..
Næsj, da e sikkert ikkje nåke.
Han søv jo so godt i sta.
Såpa, krem og skomm e skylt og høvla vekk. So e da håre sin tur.. Da langa, kjemiklabehandla blånne håre mitt. Eit mareritt kvar dusj.
Sjampoo oppi.
Skomma nåke sinnsykt og eg får selvfølgeli litt immpå aua.
Sjaize!
Eg skrur av dusjen litt for å tørka aua mitt. Og dar e den "grinelydn" igjen...
Berre at no e da HYLSKRIKING.
Åhneei! Sånn skrik han jo berre når han har grene lenge.
Mammahjarte mitt blør.
Då VA da ikkje innbillning i sta då..
Me sjampoo både i hår og aua slenge eg håndduken rondt meg og trippa ut i støvo. "Dakaar liten," seie eg og tar han opp (han hadde jo tåre, stakkars) Han hiksta og so kjem da ein skikkeli mannerap, før han søvna igjen i armane mine...
Når eg står dar og kjenne eg begynna å frysa, kjem eg på eg at eg ikkje har valgt den største håndduken å tørka meg me.. Eg hadde jo ikkje tatt me i planen at eg sku måtta trippa inn i støvo for å redda Kasper. No løsne "knutn" framme øve nussane og eg må legga Kasper ne i våggo for å ikkje blåtta meg for heile nabolage. Me ha nemmeli nåkre store vindu midt i støvo, og da e dar eg befinne meg. Eg klare å snika meg bort te sofaen og snurra på meg eit teppe før eg kjem meg tebake te dusjen.
Ette kuring og skylling av hår kan eg gå inn i støvo igjen, denne gongen me eit rødt aua, men me kle på.
Hahahaha! Eg må berre le!
SvarSlettWelcome to motherhood :)
:):) klem