... tå skrivesperro!
To heile måna sio sist innlegg - då handla verdn om melkerulln. Den e ikkje soooo viktig for meg no lenger. Da gjekk liksom litt øve på ein måte. Og godt e da! Grete Roede kurse so eg gjekk på enda på minus sio. Minus 7 kilo. Og 39 cm mindre Beathe. Ikkje i høgdo, men i breddn.
Da e deili og no ska eg smi mens kroppen e villig. Ska fortsetta i samma traltn. Eta nok mat, trimma nok og unna meg ein gobit i ny og ne.
No ska eg kypa inn i armkroken te min Kjære som absolutt ska sjå ein SKREKK film i kveld. Skjønna ikkje pointe, for sist han satt på ein film av sortn SKREKK vart han so skremt at han måtte slå an av før da va gått tjue minutt! Da va grett for meg, for eg vart endo reddare enn han...
Ska prøva å vera flinkare te oppgradera bloggen, men eg love ingenting! Da e travelt å vera småbarns-mamma, so ikkje hold pustn mens du venta på neste inlegg...
Ha ei fortryllande helg :)
flink du er... :))
SvarSlett